nr 5, 2026: Terror i San Diego
18. mai vart San Diego råka av eit høgreekstremt terroråtak, gjennomført av to unge menn. Spora peiker på påverknad frå fleire mørke, nettbaserte subkulturar.
18. mai 2026, 09:42, lokal tid: Etter fyrst å ha ringt politiet i San Diego sitt ordinære nummer, tek mor til 17 år gamle Cain C. kontakt på naudnummeret. Ho fortel at sonen forlot heimen tidleg den morgonen, saman med ein ukjent mann. Han kan heita Caleb. Ho kjenner han ikkje, og veit heller ikkje etternamnet hans.
Mora fortel også at eit skytevåpen er borte frå heimen. Ho skildrar bilen dei drog av garde med – ein kvit BMW, og seier at dei begge var kledd i kamuflasje. Saka blir klassa som ein ungdom som har rømt heimefrå. Operatøren på naudsentralen ber mora ringja attende om det skulle dukka opp fleire opplysningar.
Få minutt seinare går det ei melding ut på politisambandet, med skildringar av Cain, Caleb og bilen dei køyrer.
Caleb er eitt år eldre enn Cain. Han har eit spanskklingande etternamn, har ei autismespekterdiagnose og har tidlegare hamna i politiet sitt søkjeljos grunna «idolisering av nazistar og masseskytarar». Tidleg i 2025 vart ei rekkje skytevåpen beslaglagt frå Caleb sin far, etter ei rettsavgjersle teken på bakgrunn av uro for sonen.
FBI har stadfesta at Caleb og Cain møtte kvarandre på nettet. Førebels har det ikkje kome informasjon om kvar eller korleis, men det synest klårt at dei to unggutane snart oppdaga både felles interesser og at dei begge budde i San Diego-området.
Dei openlyse og verifiserbare digitale spora etter dei to er få. Ein konto på spelplatforma Steam vert påstått å vera kopla til Cain. Om det i det heile er tilfeller er det eigentleg lite uvanleg med spelsamlinga, men den aktuelle brukaren har også lasta opp nokre animeteikningar, eit bilete av tyske soldatar frå andre verdskrigen og – av alle ting – eit bilete av José Antonio Primo de Rivera, grunnleggjaren av dei spanske falangistane.Internettdetektivar har dessutan gravd fram kontoar på X og Tiktok, med tydeleg høgreekstremt innhald. Kontoane er no er sletta.
I skrivande stund er det vanskeleg å seia kva som er ekte av dette. Rykter spreier seg raskt på nettet. Det gjer også falsknarverk.
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, men vurder gjerne eit betalt abonnement om du vil stø arbeidet mitt. Betalande abonnentar får tilgang til heile arkivet.
18. mai 2026, 10:41, lokal tid: Mora til Cain ringer på ny naudnummeret, og melder at fleire våpen er borte frå heimen, og at ho trur son hennar har teke dei. Ho seier også at ho har funne eit mogleg sjølvmordsbrev og hatefulle, trugande tekstar på datamaskina hans. Saka får raskt høgare prioritert.
18. mai 2026, 11:10, lokal tid: Politiet kjem til heimen, og startar med å skaffa seg meir informasjon. Dei får òg vita at Cain og Caleb moglegvis har inngått ei sjølvmordspakt.
Dei to unge mennene hadde ikkje berre funne kvarandre på nettet. Dei hadde blitt radikalisert der.
Det avslører ikkje minst eit slags manifest dei har spreidd på nettet før åtaket. I det kallar Caleb seg sjølv for «tredjeposisjonist», «økofascist» og «akselerasjonist». Det siste omgrepet vert også forklart. Caleb skriv at han ynskjer seg revolusjon, samfunnskollaps og fullskala rasekrig. Å framskunda denne kollapsen er den einaste vegen framover, fortel han.
Han anbefaler folk å lesa tekstane til James Mason, ein aldrande amerikansk nynazist som på mange måtar har vorte den moderne høgreekstreme terroren sin gudfar. Han tilrår også Turner Diaries, eit stykke høgreekstrem fabelprosa – skrive av den glødande nynazisten William Luther Pierce – og ei bok som mange gongar har dukka opp i samband med terrorsaker.
Men Caleb ser ikkje ut vil å vera påverka av berre høgreekstremisme. I teksten fortel han at han også ber i med seg mykje hat mot kvinner, og at han har vore «ganske involvert» i incel-kulturen online. Det han viser til er ein mørk, nettbasert subkultur snekra saman av stort sett unge menn i påstått «ufriviljug sølibat». Det er ein subkultur prega av både kvinneforakt og sjølvforakt.
Han fortel dessutan at han er oppteken av true crime. Det er sannsynlegvis ikkje ein referanse til sakprosasjangeren, men snarare til endå ein mørk subkultur på nettet, ein kultur som romantiserer valdskriminalitet, særleg serie- og massemordarar.
Caleb nemner musikk han høyrer på. Han omtaler tre brukarnamn han har nytta seg av. På ein video som verserer på nettet – og som vert påstått å vera knytt til eitt av dei tre brukarnamna Caleb nemner – kan ein sjå ein tynn ung mann dansa ein tåpeleg dans, medan han er iført ei såkalla skallemaske.
Det er noko inderleg barnsleg ved videoen.
18. mai 2026, 11:42, lokal tid: Politiet får meldingar om skyting ved moskéen Islamic Center of San Diego. Berre fire minutt seinare kjem dei fyrste politifolka fram til moskéen.
Dei to unge gutane filmar åtaket med eit actionkamera, og livestreamer det. Det skjer tilsynelatande via meldingsappen Signal. Det blir filma av ein brukar med kvinnenamnet Noelle, som held telefonen framfor seg og filmar med ei anna eining, der ho deler filmen vidare på Discord, ei mykje nytta chatteplatform for gamerar. Derfrå har videoen spreidd seg vidare.
Videoen gjer fleire peikepinnar på korleis dette er eit slags terroråtak som fandom.
Den viser innsida av BMW-en, og eit våpen der det er skrive inn høgreekstreme slagord, filma i fyrstepersonsperspektiv, som i eit skytespel. Slik sett liknar det heile på terroråtaket til den australsk høgreekstreme terroristen Brenton Tarrant, som i mars 2019 gjekk til åtak mot to moskéar i nyzealandske Christchurch. Også han filma med actionkamera, og spreidde videoen på nettet. Også han hadde skrive ulike høgreekstrem bodskap og referansar til andre ugjerningsmenn på våpna sine.
Cain og Caleb er ikkje dei fyrste høgreekstremistane som hentar inspirasjon frå Tarrant. I manifestet kjem Caleb med det som kan sjå ut som ein referanse til ein video spreidd av nettverket Terrorgram tilbake i 2022, ein film kalla White Terror, som hyller ei rekkje ulike ugjerningsmenn og terroristar.
Dei er heller ikkje dei fyrste høgreekstreme terroristane som syner til australiaren. Tarrant har fått ein sentral helteposisjon i akselerasjonistiske nettmilijø, og har stadig vekk dukka opp i det som kan framstå som eit slags kjedebrev av terroråtak: i amerikanske Poway, El Paso og Buffalo, i tyske Halle, i Bærum i Noreg, i den slovakiske hovudstaden Bratislava.

På videoen frå San Diego ser me dei to unge menna stiga ut av bilen, og korleis dei går mot inngangen til moskéen, som er ein del av eit bygningskompleks som også husar ein skule.
Me får no også auge på den andre guten, som er iført det som framstår ein militærvest, med to gjenkjennelege symbol. Det eine er det nazistiske Sonnenrad-symbolet, eit slags solhjul som i etterkrigstida vart nytta av ulike nynazistiske grupperingar og som dei siste åra ikkje minst har vorte knytt til nettopp akselerasjonistiske miljø, blant anna fordi Tarrant inkluderte det på framsida i sitt terrormanifest.
Det andre er er symbolet til det akselerasjonistiske nettverket Atomwaffen Division, eit nettverk som har vorte kopla til fleire drap og til terrorplanar.
Moskéen har ein væpna sikkerhetsvakt, Amin Abdullah, som når å setja i gang ein lockdownprosedyre, før han hamnar i skotveksling med dei to ungdomane. Han vert skoten og drept. Det vert også to andre menn, Mansour Kaziha og Nadir Awad.
Caleb og Cain finn ikkje fleire offer i moskéen. Dei hastar ut att, set seg inn i BMW-en, køyrer avgarde.
18. mai 2026, 11:42, lokal tid: Ei ny melding kjem inn til politiet, denne gongen om skot i Salerno Street, nokre få kvartal unna moskéen. Ein landskapsarbeidar har vorte skote mot. Han vart truffen i hjelmen han bar, men kom frå det med mindre skader.

I manifestet – som dei har gjeve namnet «Det nye krosstoget» – kallar dei to unge mennene seg for «Tarrants søner».
Teksten osar ikkje minst av jødehat. Muslimske innvandrarar blir på si side omtalt som eit jødisk biologisk våpen. Det same blir svarte og latinamerikanarar. Caleb går dessutan laus på homofile og transpersonar, som han omtaler som «degenererte».
Hatet mot skeive står sentralt i den moderne høgreekstremismen. Men som FBI-etterforskaren Mark Remily har sagt kjølvatnet av terroråtaket: Cain og Caleb diskriminerte ikkje når det kom til kven dei hata.
Begge dei to ungdomane listar opp heltane sine i manifestet. Det inkluderer ei rekkje tidlegare terroristar, blant de også to norske: Anders Behring Breivik og Philip Manshaus.
Videoen rullar vidare. Han viser til slutt korleis dei to stoggar bilen, og avslører korleis Cain skyt Caleb, denne gongen med eit handvåpen. Han har blod i andletet. Så vender han våpenet mot seg sjølv.
18. mai 2026, 12:03, lokal tid: Dei to gjerningspersonane vert funne døde i BMW-en, omlag ein halv kilometer frå moskéen. Politiet finn også ei raud bensinkanne. På den er det klistra eit SS-symbol.
I etterkant av åtaket dukkar det opp ei melding på nettet, med ei akselerasjonistisk gruppe som avsendar. Meldinga viser ein av gjerningsmennene, iførst skallemaske og militær hjelm, med ein raud hakekross i bakgrunnen. «Vår martyr», står det.
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com

