nr. 4, 2026: Ashab al-Yamin og vald-som-ei-teneste
I mars dukka gruppa Ashab al-Yamin plutseleg opp. Sidan har dei stått bak eller hevda å stå bak ei rekkje åtak i Europa, oftast mot jødiske mål. Kven er dei eigentleg?
29. april fann eit knivåtak stad i Golders Green i London, eit nabolag som er kjent for si betydelege jødiske befolkning.
Det er det siste i ei rekkje antisemittiske hendingar i den britiske hovudstaden den siste tida. I mars vart fire ambulansar frå den friviljuge, jødiske ambulansetenesta Hatzola satt i brann i Golders Green. Tidlegare i april vart det kasta brannbomber mot to ulike synagoger, ein jødiskeigd butikk i Watford vart sett i brann og det var også gjort forsøk på å stifta brann i ein bygning som tidlegare husa organisasjonen Jewish Futures. Dagen før knivåtaket i Golders Green var det også eit mistenkeleg branntilløp ved ein minnevegg i nabolaget, der både ofre for Hamas-åtaket mot Israel 7. oktober 2023 og demonstrantar drept av det iranske regimet vart heidra.
Ugjerningsmannen bak knivåtaket var ein 45 år gamal mann av somalisk bakgrunn. Han ser ut til å bevisst ha gått etter synlege ortodokse jødar. Før han vart overmann nådde han å såra to menneske, Nachman Moshe ben Chaya Sarah og Moshe Ben Baila. Tidlegare same dag hadde han også gått til åtak på ein gamal bekjent, Ishmail Hussein, tilsynelatande med eit personleg motiv. Han er no sikta for tre drapsforsøk.
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og kjem difor ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera. Samstundes set eg pris på alle som vel å teikna eit betalt abonnement, då det gjer det lettare å prioritera tid til research og skrivearbeid, og også bidreg til bokbudsjettet mitt. Om du har nytte eller interesse av nyhetsbrevet, håper eg difor du vurderer eit betalt abonnement. Då får du også tilgang til heile arkivet.
Essa Suleiman var også tidlegare på britiske myndigheiter sin radar. Ifølgje Jerusalem Post er han tidlegare straffedømd for eit knivåtak på to politimenn og ein politihund. Han har også ei historie med psykiske problem.
I etterkant av åtaket tok ei gruppe som kaller seg Harakat Ashab al-Yamin al-Islamiya på seg ansvaret, som dei kalla heroisk.
Har du ikkje høyrd om gruppa før, er det knappast merkeleg. Som den israelske avisa Ha´aretz skriv dukka gruppa fyrst opp i mars i år. Då tok ho på seg ansvaret i etterkant av ein nattleg eksplosjon utanfor ei synagoge i belgiske Liege, der ingen kom til skade.
Sidan har Ashab al-Yamin vore aktive på meldingsappen Telegram, der gruppa har retta åtvaringar mot «alle verdas folk, særleg i Den europeiske unionen», om å straks ta avstand frå «alle amerikanske og sionistiske interesser, anlegg og det som er knytt til dei».
Dei har sidan hevda å stå bak ei rekkje åtak i fleire ulike europeiske land, og i stor grad retta mot det jødiske samfunnet. Dei har i hovudsak skjedd om natta, og fleire av episodane har vore prega av at det er amatørar som står bak. Ei rekkje minstekte gjerningsmenn er arrestert. Mange av dei er unge. Nokre ser ut til å fyrst og fremst ha vore motivert av pengar.
Gruppa sitt namn – som grovt kan omsetjast til Den islamske rørsla for høgrehandas folk – inneheld ein referanse til Koranen si framstilling av domedag: der dei som ender i paradis får gjerningsregisteret sitt levert i høgrehanda, medan dei som ender i helvete får det i venstrehanda.
Logoen kan likna logoane til sjiamilitsar med iranske koplingar i Libanon og Irak, og symbolet til den iranske revolusjonsgarden. Ha´aretz skriv:
Phillip Smyth, medlem av Counterterrorism Advisory Board for Homeland Security Today og forskar på sjia-militarisme i Midtausten, skildrar Ashab al-Yamin som ei frontgruppe. «Det er ikkje ein ekte sjia-milits, slik som til dømes Kataib Hezbollah [i Irak] eller libanesiske Hezbollah», seier han. «Det er i røynda ein organisasjon som er konstruert for å ta på seg ansvaret for det eg vil hevde er spreidde celler som anten Irans etterretningsteneste eller Den iranske revolusjonsgarden over tid har rekruttert i Europa.»
Dei intervjuar også Elizabeth Tsurkov ved New Lines Institute, som deler Smyth si vurdering. Ho meiner gruppa «openbert» er kontrollert av Revolusjonsgarden, men trur samstundes at ho er knytt til irakiske militsar.
Det finst sterke indikasjonar på at dei har eit poeng. Ashab al-Yamin har nemleg også tatt på seg ansvaret for forsøket på brannstifting retta mot det persiskspråklege mediaselskapet Volant Media som blant anna driv uavhengige Iran International, ein satelitt-tv-kanal iranske myndigheiter har særs lite til overs for. Tre unge britar – Oisin McGuinness, Nathan Dunn og ein 16-åring – er sikta i samband med hendinga. Mest interessant: hendinga vart omtalt av mediekanalar med koplingar til iranske myndigheiter før britisk politi gjekk ut med informasjon om henne.
«Timinga er veldig interessant», seier ei politikjelde til britiske The Times.
Guy Fiennes i Institute for Strategic Dialogue peiker på at Ashab al-Yamin ser ut til representere ein «vald-som-ei-teneste»-modell, tilsvarande det me også har sett i russisk hybrid krigføring. Han skriv:
Ifølgje Europol inneber «vald-som-ei-teneste»-åtak typisk ein bakmann som finansierer og bestiller brotsverket frå utlandet, ein rekrutterar som rekrutterer via meldingsappar eller spel- og chatteplattformer, ein tilretteleggjar som ordnar logistikken kring åtaket, og ein gjerningsperson (ofte ein uerfaren mindreårig eller ung person utan tilknyting til det kriminelle nettverket eller bakmannen).
Iransk hybridkrigføring av denne typen kan også ha henta inspirasjon frå nettopp Kreml, men er samstundes ikkje noko nytt. Svensk tryggleiksteneste meiner til dømes at Iran stod bak då ungdomar med koplingar til kriminelle miljø vart rekruttert for å gå til åtak på den israelske ambassaden i Stockholm.
I si ferskaste trusselvurdering åtvarer også PST om at Iran nyttar seg av proxyaktørar for å gjennomføra operasjonar i Vesten:
Det vil si aktører uten formell tilknytning til iranske myndighetsorganer, som vitende eller uvitende utfører aktivitet på oppdrag fra eller til støtte for iranske myndigheter. Proxyaktørene kan for eksempel være svenske kriminelle nettverk med tilstedeværelse i Norge. Bruken av kriminelle nettverk og andre proxyaktører gjør det vanskeligere å spore aktivitet tilbake til Iran.
Disse aktørene har også stor bevegelsesfrihet i Europa, god lokalkunnskap og tilgang til våpen. Samtidig kan dette redusere kontrollen Iran har over aktiviteten deres, og fordi aktørene gjerne er uerfarne, kan skadeomfanget bli både større og mindre enn planlagt.
Kva då med Essa Suleiman? Førebels veit vi ikkje om det i det heile finst reelle koplingar til Ashab al-Yamin, trass samanfall i tid og stad med andre hendingar. At dei tek på seg skulda for åtaket kan vera rein, skjær opportunisme, ein måte å skapa ytterlegare blest om gruppa, og slik eit rekrutteringsverktøy.
Samstundes er det ikkje utenkeleg at knivåtaket i London ikkje berre er eit døme på antisemittisk vald utført av ein tilsynelatande sinnforvirra mann, men at det også er eit døme på hybrid krigføring.
Og det er ein del av trusselbiletet, også i Noreg.
Oppdateringar er eit nyhetsbrev frå Øyvind Strømmen, med fokus på ekstremisme, konspirasjonsteoriar og andre utfordringar mot det liberale demokratiet. Nyhetsbrevet er eit overskotsprosjekt, og vil difor koma ut sporadisk.
Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på nye nyhetsbrev. Betalande abonnentar får i tillegg:
Tilgang til heile arkivet
Tilgang til chat, saman med andre betalande abonnentar og Øyvind Strømmen, for spørsmål, diskusjon og forslag.
Kontakt: oyvindstrommen@gmail.com


