nr. 10, 2021: Dødsfallet
Ein kjend figur innanfor norsk konspirasjonsteorikultur døydde denne veka, smitta med koronaviruset. Det i seg sjølv er ei kjelde til konspirasjonsteoriar.
7. april 2021: Lokalavisa Hadeland rapporterer om eit dødsfall i Gran kommune. Ifølgje Gran kommune hadde avdøde ikkje vorte testa for korona før han døydde, men i etterkant hadde det vorte stadfesta at han var smitta av viruset.
– Me fekk melding om dødsfallet tysdag, og det var ein lei beskjed å få. Våre tankar går no til dei pårørande, Me vert igjen minna om kor farleg viruset kan vera og kor viktig det er å halda ut med dei strenge tiltaka ei stund til, seier kommuneoverlege Are Løken til avisa. Han fortel at ein så langt ikkje veit om koronaviruset var direkte dødsårsak, men at det iallfall var sterkt medvirkande.
Avisa fortel dessutan at kommunen har vorte gjort merksame på at det vart halde eit arrangement på eigedomen til den avdøde mannen, ikkje lang tid i forvegen: fredag 26. mars og laurdag 27. mars. Kommuneoverlegen skildrar det som “eit slags fagmøte” og som “ei samling av menneske med felles interesse for eit visst fagfelt”.
8. april 2021: Lokalavisa publiserer ein ny artikkel om dødsfallet. I den fortel kommuneoverlegen at den avdøde mannen sannsynlegvis har vore smitta eller smitteførande i sju til ti dagar.
– Er det fare for villsmitte?, spør journalisten.
– Ja, heilt klart. Dette er smittevernmyndigheitene sitt mareritt. Det er ein motkultur som spreier smitte og som ikkje samarbeider, understrekar kommuneoverlegen.
På si eiga facebookside skriv Kjetil Andreas Dreyer same dag at han kjente den avdøde mannen godt.
Han skriv at han ikkje vil gå ut med namnet, men at vedkomande var “ein av forkjemparane for fridom”, og “ekstremt kunnskapsrik rundt vaksiner”. Så heldt han fram med å seia at dødsfallet ikkje var eit koronadødsfall, og at han mistenker foul play, noko muffens.
Dreyer ber folk om ikkje tru på det, dersom det skulle bli rapportert at han sjølv har døydd av korona. Han skriv også at ein no bør etterforska ein påstått samanhang mellom utbygging av 5G-nettet og korona.
Dreyer har vore aktiv innanfor eit norsk konspirasjonsteoretisk miljø i ei årrekkje. I samband med vaksineringa mot svineinfluensaen i 2009 hevda han til dømes på forumet Altnett å ha gjort “djup research” som tilsa at vaksina inneheldt chippar, og at det var ein del av New World Order sine planar for å sikra seg “totalitær kontroll over menneska i verda”. Meir nyleg har han tatt til orde for at mellom andre Erna Solberg bør stillast for retten, tiltalt for brotsverk mot menneskeheita, saman med andre leiarar som har “pusha koronasvindelen”. Han har også omfamna QAnon-universet, som omtalt på faktisk.no.
Rykta om dødsfallet byrjar også å svirra i sosiale media, knytt til ein namngjeven person.
9. april 2021: Snart vert namnet også gjort kjend i pressa, blant andre av Oppland Arbeiderblad, Nettavisen, Filter Nyheter, TV2 og NRK.
Det er Hans Kristian Gaarder (60) som har gått bort.
Oppland Arbeiderblad fortel i ein omfattande artikkel at det vart avhalde ei rekkje arrangement på “Kulturlåven” på Gaarder sin eigedom sidan starten av desember, blant anna med “tyranni i Norge” og “skjult makt” som tema, samt 19. mars om oppretting av ein “folkedomstol” og 26. mars om Donald Trump, Joe Biden og status i USA.
I førehandsomtala til dette siste arrangementet, publisert på Gaarder si eiga nettside, vert det spekulert i at Washington D.C. har blitt stempla som ei fiendtleg makt, og at USA snart vil gå attende til si opprinnelege grunnlov av 1776, slik at Donald Trump kjem til å verta innsatt som “USAs nittende ekte president – med en helt ny visepresident ved sin side…”.
Kanskje stussar du på talet, sidan Joe Biden er USAs 46. president? På bakteppet svirrar utvilsamt idéar frå amerikanske konspirasjonsteorikultur, blant anna ei førestilling i den såkalla sovereign citizens-rørsla om at USA i røynda vart avskaffa (!) attende i 1871. Følgjeleg var landets siste legitime president Ulysses S. Grant. I kjølvatnet av at Biden vart dette blant enkelte QAnon-tilhengjarar omdanna til ei historie om at Trump snart skulle bli president igjen, for ein gjenreist amerikansk republikk.
Avisa Hadeland har intervjua ein nabo, som fortel at det var mange folk på eigedomen palmefredag og palmelaurdag. – Det stod folk i klynger og eg reagerte litt på at det var så mange, seier ho.
Det skal ha vore deltakarar frå fleire stader i landet på det aktuelle arrangementet.
Kven var Hans Kristian Gaarder? Å kalla Hans Kristian Gaarder ein kjendis vil nok vera å ta hardt i, men han var ein kjent figur innad i norsk konspirasjonsteorikultur, ikkje minst som ein av drivkreftene bak nettstaden Nyhetsspeilet, men også som føredragshaldar. Båe delar førte til at han også vart presentert i eit innslag om konspirasjonsteoriar på Dagsrevyen 17. september 2011, der ein blant anna kunne høyre bruddstykke av eit føredrag han heldt om terroråtaka 11. september 2001, med påstandar om kven som eigentleg stod bak.
Året etter gjesta Gaarder Trygdekontoret på NRK, der han hevda at Illuminati styrer Lady Gaga, at me vert utsett for chemtrails (bevisste utslepp av kjemikalier frå fly, som ledd i eit hemmeleg program) og at NATO og CIA styrer verdas narkohandel.
Dette hindra ikkje at han i ein debatt om vaksinering mot livmorhalskreft på NRK-programmet Her og Nå i 2014 vart introdusert som “uavhengig forskar”.
Det var tilsynelatande slik han gjerne ville framstå. På sine eigne nettsider vert han omtalt som “uavhengig forskar på det som kan kallast undertrykt informasjon”, og samstundes som “ein jordnær person med eit ope sinn, […] grundig i å sjekka, kryssjekka, vurdera og kvalitetssikra informasjon før publisering”.
I røynda kasta han seg på eit utal av ulike konspirasjonsteoriar. Det inkluderte også dei rimeleg ville slike: om utanomjordiske vesen og tidsreiser. Og det siste året inkluderte det sjølvsagt konspirasjonsteoriar om koronaviruset.
Det ligg sjølvsagt eit paradoks i dette. Men til sjuande og sist er dette ei tragisk historie om konspirasjonsteoriane si kraft, og ei trist historie om eit dødsfall.
Kanskje er det også ei historie der media burde ha vore meir tilbakehaldne med å identifisera den avdøde, sjølv om Gaarder søkte merksemd, og sjølv om namnet for lengst var kjend i sosiale media.
Innad i den norske konspirasjonsteorikulturen er det fleire som meiner at Gaarder ikkje døydde som eit resultat av koronasjukdom, men at han vart “rydda av vegen”. Nokre koplar dette også saman med andre nylege dødsfall.
Nokre går lenger. På Facebook-sida til “Røde Luer” – det i stor grad konspirasjonsteoretiske miljøet som står bak demonstrasjonar mot koronatiltak – skriv ei kvinne at ho tippar Gaarder var “kontrollert opposisjon” og han no vart pensjonert ut av denne rolla: “Det at dei har gått ut med namn og heng han ut på denne måten viser at dette er propaganda. Ein vanleg person ville aldri ha blitt hengt ut på denne måten utan at hans familie eller venar protesterte”.
Det er eigentleg til å gråta av.
Tips til eksternt stoff om ekstremisme og konspirasjonsteoriar:
“Britiske Hope Not Hate har infiltrert ein nettbasert, høgreekstrem ungdomsorganisasjon. Resultatet fortel oss ein del om radikaliseringsprosessar i 2021”, skriv Øyvind Strømmen (som også lagar dette nyhetsbrevet) i Stavanger Aftenblad.
The Independent fortel om rettssaka mot ein britisk tenåring som vert skulda for å ha planlagt å gjennomføra eit terroråtak motivert av nynazisme.
En ung kvinne er mistenkt for å ha planlagt eit terroråtak mot ei fransk kyrkje, motivert av ekstrem islamisme. Les meir hjå FranceInfo og i The Independent.
Har FBI den rette kulturen til å bekjempa innanlands terrorisme, spør Chuck Rosenberg i eit innlegg i Washington Post.
“Russiske propagandakanaler har blitt et fyrtårn for vestlige ekstremister. Sammen skaper de et mørkt og konspiratorisk verdensbilde”, skriv John Færseth i Bergens Tidende.
Same John Færseth skriv om anti-koronatiltak-demonstrasjonane i Oslo i ein artikkel i Forsvarets Forum: “Lørdag 20. mars ble jøder tilsynelatende gitt skylden for den «oppdiktede» korona-pandemien. Dette markerte et foreløpig høydepunkt på en eskalerende radikalisering blant demonstrantene foran Stortinget”.
Jonas Skybakmoen i Filter Nyheter rapporterer om ein komande demonstrasjon framfor Stortinget, i samband med Gaarders bortgang.
Dokumentarserien Q: Into the Storm har fått mykje merksemd i det siste. Serien er tilgjengeleg frå HBO Nordic. Les ein gjennomgang i Slate, og høyr intervju med filmskaparen Cullen Hoback på podcastane QAnon Anonymous og Fever Dreams.
Associated Press skreiv heilt sist i mars om åtaket på byen Palma nord i Mosambik, utført av ei IS-tilknytt gruppe. Sjå også artikkel frå BBC og analyse frå criticalthreats.org (drifta av American Enterprise Institute).
Kva er dette?
“Oppdateringar om det ekstreme” er eit nyhetsbrev om ekstremisme og konspirasjonteoriar laga av Øyvind Strømmen.
Nyhetsbrevet vert laga på fritida, og vil difor koma ut sporadisk. Det er gratis å abonnera, og alle abonnentar får tilgang på dei same nyhetsbreva. Dersom du har høve til og ynskjer å bidra med nokre kroner kan du velja eit betalt abonnement.
Klikk her for å abonnera:
Har du tips eller forslag til ting det burde skrivast om, eller til artiklar, podcastar eller anna som fortener ein plass på lista over eksternt stoff? I så fall, ta gjerne kontakt. Det kan du gjera via kontaktskjemaet på oyvindstrommen.no.